Kulturlandskapspleie

Det vert mindre dyr på beite – og det opne kulturlandskapet veks att med skog. Dette er ein naturleg konsekvens av moderne landbruk, og kan ikkje hindrast utan at husdyrhaldet får eit oppsving.
I prioriterte avgrensa område kan vi hogge skogen og haldegjenveksten under kontroll.

Å produsere velskjøtta lauvskog på slike område er eit godt alternativ. Utsikten kan nytast mellom trestammane – og dei store trea gir skugge som hindrar krattskogen.

Tiltaket gir kvalitetstømmer.

Ofte går arbeidet ut på å bevare gamle kulturminner. Storfjordens venner er ein av oppdragsgivarane.
Her driv vi med utsiktsrydding og slottearbeid på Skageflå - ein nedlagt gard inne i Geirangerfjorden.